Back to All Events

Utstilling: Else Karin Tysse Bysheim - Snunad


  • Adresse og sted: Soft Galleri 20 Rådhusgata Oslo, Oslo, 0151 Norway (map)

Velkomen til utstillingen av Else Karin Tysse Bysheim sin separatutstilling Snunad på SOFT galleri

Utstillingsperiode: 1. juni - 6. august 2023.


SOFT galleri er sommarstengt i juli. Utstillinga kan da opplevast gjennom det store vindauget mot Rådhusgata. Utstillinga opnar igjen tirsdag 1. august.

//

Utstillinga Snunad er ein installasjon beståande av fleire skulpturelle arbeid i materiala gummislangar, ull og metall. Metallrammer dannar eit fundament for gummislangane som er snudd og vendt på, fylt med luft og strekt til tak og vegg.

Ordet snunad kjem av det norrøne snúnaðr og betyr ei vending, omvelting, omskifte eller rørsle. Else Karin Tysse Bysheim undersøkjer forhold mellom industrielle materialar og naturmateriale. Her ligg både ein styrke og ein svakheit i materiala.

Lufta i gummislangane er uforutsigbar. Innpust og utpust som i livet sjølv. Lufta som stoppa opp. Lufta kan holda seg på plass eller den kan lekka og det visuelle uttrykket forandrar seg. Ved bruk av desse materiala formidlast ulike kjensler. Det kan vera ro, uro, styrke, svakheit. Det som føregår i eins personlege, indre sinn til ei større, meir kollektiv kjensle blant menneska i verda.

Nokre av skulpturane har påteikna mønster. Bysheim ser på teikningane som beskyttande symbol. Etter reiser til Sør-Afrika og fisketurar i fjorden ser ho likskap i mønstra til leoparden og torsken. Desse inntrykka fabulera ho vidare på til det som no framstår som ein slags familie med sine ulike personlegdomar. Nokon med like mønster, men ikkje heilt like. Nokon oppblåste, nokon strekkjer seg til ytterpunkta. Nokon er stille, og nokon uttrykkjer heftige lydar. Nokon er urolege i si framferd, og nokon kjem seg ikkje av flekken.

I sitt kunstnarskap tek Bysheim utgangspunkt i eige levd liv. Det som framkallar minner.

Å arbeida med gummislangar og metall fører meg tilbake til metallbedrifta eg vaks opp i. Bardommens hage med metall, betong og lastebilar som kom og for. Og eit minne frå 3-årsalderen, kjensla av redsle. Med far på jobb, svære dumpersa kjem kjørande mot oss, dei største hjula eg nokon gong har sett, verda stoppa opp, eg stoppa opp, pusten stoppa opp.

Else Karin Tysse Bysheim (f. 1959) bur og arbeider på Osterøy utanfor Bergen. Ho har utdanning frå blant anna Kib, Kunstskolen i Bergen, Høgskulen i Bergen, kunst og handverk, Institut for kunstterapi i Danmark, Vestnorsk kulturakademi, tekstil. Tidlegare separatutstillingar inkluderar Halsnøy kloster (2022), Kvassheim fyr «On the edge» (2018), La Casa Amarilla, Málaga, Spania (2018) og Osterøy museum (2010). Ho har også deltatt i ei rekke gruppeutstillingar som Årsutstillingen i Norske kunsthåndverkere og Vestlandsutstillinga, Pianorama - Harding Puls, Kunstbadstove prosjekt - Osterøy, Galleri Salhus, OddART - Odda, Oranki art - Finland, Fabrikkert - Osterøy, Performance og DKS. Bysheim er innkjøpt av Sørlandets kunstmuseum.

Utstillinga på SOFT galleri er støtta av KiN, Regionale prosjektmidler.

Utstilling: Else Karin Tysse Bysheim - Snunad

Arrangement av SOFT galleri

SOFT galleri