Back to All Events

Bikubekveld: I feel the earth move under my feet

30652696_10156162520742225_254758441883533312_n.jpg

Denne kvelden vil vi hylle nokre flotte folk som lagde nokre flotte låtar på 60/70-talet. Låtar vi har vokst opp med og blitt prega av. Låtar av Janis Joplin, Cat Stevens, Joni Mitchell, Carole King, James Taylor, Laura Nyro og sikkert nokre fleire også. Vi gler oss!

Songarar: Heidi Gjermundsen Broch, Pål Christian Eggen, Hans Rønningen, Klara Høeg.

Musikarar: Mats Grønner, Christian Svensson, Svenn Erik Kristoffersen, Hans Rønningen m.fl.

Bikuben er den fjerde scenen på Det Norske Teatret! Fredagar kl. 22.30 inviterer vi til Bikubekveld i Bikuben. Det kan vere konsert, gjestespel, open mikrofon, eller musikalsk nachspiel med ensemblet frå ein av framsyningane våre og mykje anna. Baren er open til 01.30 og sjølve konserten varar ca. 1 time. 
Cc: 100,-

Du kan kjøpe billettar både på nett og i døra.