«Folkeeventyra – The Musical» er ei lettare absurd og humoristisk reise med dei kjende og kjære figurane vi kjenner frå Asbjørnsen og Moe sine eventyr, pakka inn i eit herleg musikalsk univers. På sin veg for å samle eventyr, møter Asbjørnsen og Moe Bukkane Bruse og Trollet under brua, Dovregubben, Revtsjenka (Reveenka), Pannekaka - og mange fleire! Men dei oppfører seg kanskje ikkje heeeilt slik vi hugsar dei frå eventyra?
Dette er ei familieframsyning som er like morosam for både vaksne og barn. Passar for barn i alderen 6 år og oppover.
Datoer og tidspunkt:
Laurdag 13. juni, kl. 16:00
Søndag 14. juni, kl. 16:00
Måndag 15. juni, kl.19:00
Onsdag 17. juni, kl.19:00
Fredag 19. juni, kl.19:00
Sted og adresse:
Nynorskens hus
Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo

