Back to All Events

Pippi på sirkus - Det Norske Teatret


  • Adresse og sted for utstillingen: Det Norske Teatret 8 Kristian IVs gate Oslo, Oslo, 0164 Norway (map)

Premiere 18. april 2026

PIPPI PÅ SIRKUS

av Maria Blom, Björn Ulvaeus & Tilde Björfors. Basert på boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren.

Kjøp billett

Ein ellevill sirkusmusikal for alle mellom 3 og 113 år!

Dette er ein godtepose av fengande nyskriven musikk frå ABBA-legenda Björn Ulvaeus, song, dans - og ekte sirkusartistar.

Tjolahopp tjolahei!

Bli med Pippi, Tommy og Annika på sirkus!
Her møter dei mellom andre sirkusprinsessa Miss Carmencita, linedansaren Elvira og ein illsint sirkusdirektør. Pippi har aldri vore på sirkus, og vil heller vere med, enn å sjå på. Det blir tumultar og misforståingar - men publikum elskar det!
Til slutt tek ho utfordringa om å slåst med verdas sterkaste mann; Sterke Adolf.
Ho er jo verdas sterkaste jente!

Så spenn deg fast - og sving deg med i manesjen med Pippi!

PSSSST!
Visste du at det er billegare billettar tysdag - torsdag på familieframsyningar? Barnepris er halv pris av ordinær pris.

Tjola hoppsan-sa!

Det kan høyrest ut som ein fantasi, men i 2022 fekk denne framsyninga premiere i nabolandet vårt. Resultatet blei ei storslagen gjenskaping av Astrid Lindgrens klassiske karakter og like klassiske forteljing om verdas sterkaste, snillaste og festlegaste jente. Mottakinga var ellevill.

No er denne framsyninga klar for eit norsk publikum. Gjer dykk klare for å sjå Pippi som de aldri har sett henne i ein nyskriven, sensasjonell sirkusmusikal. Pippi på sirkus blir ei musikalsk overskotshending som trosser tyngdekrafta og som utan sikkerheitsnett viser eit svimlande akrobatisk ensemble og eit like leikande opplagt orkester.

– Som millionar av andre svenskar over to år, elskar eg Pippi Langstrømpe. I ei av Astrid Lindgrens forteljingar går ho på sirkus saman med Annika og Tommy, og den historia har inspirert til ein nyskriven musikal, som eg har laga saman med eit ekte sirkuskompani og mange andre talentfulle menneske. I framsyninga vår er Pippi den same, men likevel annleis. Vi har tolka det som ligg mellom Astrids strekar og gitt det eit musikalsk kostyme.

- Björn Ulvaeus